Om barnehagen
Vinnes barnehage er den einaste private barnehagen i Fusa kommune. Me er ein liten barnehage som held til på Vinnes attmed Vinnes Friskule. Totalt har me plass til ca 20 barn.  

Vinnesholmen bruker me både vår, sommar og haust, dette er ein perle der ein kan oppleve både båttrafikk, badeliv og livet i sjøen og i strandsona. Om vinteren ønsker me oss snø slik at me kan bruke dei flotte bakkane til både ski og akebrettleik. Ellers har me eit uteområde med gapahuk og gruve like bak skulen. Dette området har skulen opparbeida, men er tilgjengeleg for alle. Vinnesleiro er også eit spanande område som er i bruk mykje på våren før hekkesesongen til fuglane starter.  

Våre satsingsområder er IKT, sosial kompetanse og mat og helse.